Mangfaldskafé i Haugesund

nis/ februar 2, 2019/ / 0 kommentarer

Laster kart ....

Dato
Dato(er) - 02/02/2019
17:00 - 19:00

Sted
FTPN Haugesund og Haugaland Pride

Kategorier Ingen kategorier


Foreningen Haugaland Pride og FTPN inviterer til mangfaldskafé i Haugesund lørdag 2. februar kl. 17-19. Meir informasjon om stad kjem snart!

Mangfaldskafé er eit sosialt møtepunkt for deg som er trans, lesbisk, homo, bi, queer, pan, poly, ace eller ein annan slags skeiv, og som vil treffa likesinna folk i eit ope og hyggeleg miljø. Det er også ope for familiemedlemmar og andre nærståande.

Arrangementet er gratis, og det er ikkje noko aldersgrense, men barn under 14 år må koma i lag med ein vaksen dei kjenner. Det er ikkje nødvendig med påmelding – berre kom!

Viss du lever under radaren og har lyst til å skifta klede/uttrykk når du kjem, så vil det vera plass til det.

Same kveld er det skeiv fest på Café MM frå klokka 21 (18-års aldersgrense): https://www.facebook.com/events/252689895595709/

Tilreisande som har behov for overnatting, kan kontakta Haugaland Pride på PM for meir informasjon.

Leave a Comment